Studentar og forsking

Einar_TommesenAv prodekan for forskning og formidling Einar Thomassen

Skal studentar lære om forsking? Sjølvsagt skal dei det. Vi har jo forskingsbasert undervisning på universitetet; det likar vi i alle fall å tru. Hjå oss skal studentane lære seg vitskapleg metode og argumentasjon. Dei skal bli kjende med forskinga i faget dei studerer, oppdaterte på den seinaste kunnskapen i kvart emne. Helst skal dei få prøve seg som forskarar sjølve også.

Men er det slik? Ikkje heilt, skal vi tru UiB-student 2013. Der står det mellom anna (s. 31–33, 46) at dei fleste studentane på fakultetet vårt ikkje tykkjer at dei har noko særleg kontakt med forskinga i faget dei studerer. Berre 14% av bachelor-studentane på HF seier at forsking har inngått som ein del av studiet. Meir enn 60% svarer at dei har dårleg kjennskap til forskinga på instituttet der dei studerer, og berre 10% meiner dei veit godt kva lærarane deira forskar på. Andre fakultet skårar monaleg betre enn oss på denne undersøkinga (berre jus ligg lågare).

Dette er ikkje bra nok. Rett nok finst det skilnader mellom faga og fakulteta som kan vere med på å forklare kvifor studentane på medisin, realfag og psykologi har meir direkte kontakt med forsking enn HF-studentane. Det ligg kan hende betre til rette for såkalla «studentaktiv forsking» når laboratoriearbeid er ein del av sjølve studiet, enn det gjer i bokfag som litteraturvitskap og historie. Men eg er ikkje overtydd om at ein har utnytta alle moglegheitene på HF-faga heller. Kunne ein ikkje tenkje seg, til dømes, små feltarbeid som del av bachelor-studiet i fag som kulturvitskap og nokre av språkfaga? Ei lita arkivundersøking i historie, kanskje? For ikkje å tale om alt ein kan gjere med det som ligg på nettet: ein student skreiv ei fin oppgåve for meg ein gong om korleis Koranen og Torahen vart presentert på ulike nettstader.

I masterstudiet forventar vi sjølvsagt at studentane gjer eit eige forskingsarbeid. Men på bachelor-nivået er det nok òg eit større rom for studentaktiv forsking enn i dag, om vi først byrjar å tenkje i dei banane.

UiB-student 2013 fortel oss òg at vi har forbetringspotensial på to andre punkt. Det eine er at undervisninga ikkje alltid ser ut til å vere forskingsorientert nok. Det handlar om å kunne problematisere, å legge fram ulike syn på ei sak, å gje studentane argument for og imot ulike tolkingar og forklaringar, å gjere greie for kjeldene til den kunnskapen vi lærer dei. Vi har mange framifrå lærarar på fakultetet som underviser nettopp slik. Men skal vi tru undersøkinga, er det likevel for mange studentar som ikkje opplever at kunnskapen dei får, spring ut av ein forskingsprosess som er i stadig rørsle.

Det siste punktet er at studentane veit for lite om forskinga til lærarane sine. Dette kan ein nok seie slår begge vegar, ettersom det ikkje er vanskeleg å finne slik informasjon om ein først bryr seg med å leite. Kanskje er problemet heller at studentane ikkje oppfattar forskingsinteressene til lærarane som relevante for det dei studerer. Men slik bør det ikkje vere. Det lærarane brenner for i forskinga si, er ein ressurs som òg kan brukast til å tenne studentane. Fagdagar der lærarane fortel om forskinga si, er sjølvsagt ein måte å få til dette på. Men endå betre er det kan hende om ein kan få det til slik at den eigne forskinga òg får kome til orde i den vanlege undervisninga, og i opplegg til studentaktiv forsking.

 

Tags: ,

Skriv et svar

Universitetet i Bergen
Dekan ved Det humanistiske fakultet
E-post: dekan@hf.uib.no