Vår nye strategi

Margareth_hagenAv dekan Margareth Hagen

I vår vil både Det humanistiske fakultet og UiB starte arbeidet med nye strategiar. HF sin nye strategiplan vil gjelde frå 2016. Den 25. mars skal vi orientere fakultetsstyret om strategiarbeidet og diskutere prosessen og grunnlagsmaterialet vi treng til dette arbeidet. Det er fakultetsstyret som skal vedta strategien, og difor vil orientering og drøfting av strategiarbeidet vere fast post i alle fakultetsstyremøta framover.

Mykje står fast. Universitetet er ein institusjon basert på eit verdigrunnlag. Strategien vår skal byggjast på akademiske verdiar: reieleg, etterprovbar og grunnleggjande forsking og kritisk tenking. Samfunnsoppdraget vårt er stort: vi skal levere undervisning, forsking og formidling av høg kvalitet.

Det humanistiske fakultetet ved UiB er eit klassisk breiddefakultet med solide fagtradisjonar og sterke kvalitetar innanfor svært mange disiplinar. Breidde og humaniora høyrer ofte saman. Det har med særpreget vårt å gjere: dei humanistiske faga treng ikkje alltid store miljø for å vere sterke. Dekanatet ønskjer å halde på breidda, men det tyder ikkje at alt alltid kjem til å vere ved det same.

Fakultetet vårt opererer ikkje i eit vakuum. Strategiplanen bør vere ansvarleg og realistisk og syne respekt for fagleg integritet. Vi har eit stort ansvar i å forvalte og utvikle dei humanistiske kunnskapsområda. For å lukkast med å gi undervisning,  forsking og formidling av høg kvalitet også i framtida, må vi ta omsyn til drivkreftene som påverkar universitetet vårt, og samfunnet rundt oss, både lokalt og internasjonalt.

Det vil seie at vi må tenke fleire år fram i tid. Kor stor søknad til HF-studia vil vi ha om 5 år, om 10 år? Korleis vil finansieringssystemet i sektoren vår sjå ut då? Kva vil det norske samfunnet etterspørje? Kva for rolle vil ny teknologi spele i forsking og utdanning? Korleis vil UiB sin nye strategiplan påverke og forme fakultetet vårt? Universiteta i Noreg er i ferd med å bli meir differensierte. Kva slags rolle og særpreg skal Det humanistiske fakultetet ved UiB ha i det nasjonale biletet? Skal HF ha eigne satsingsområde i tillegg til dei sentrale UiB-satsingane, eller skal satsingane vere generelle og verkemiddelbaserte?

Det er viktig å få til ein prosess som har legitimitet i grunnmiljøa. Ein strategiplan som alle har fått høve til å ta del i vil bli eit dokument vi kan stå samla om i framtida. Dette vil vi prøve å få til gjennom openheit og brei involvering. Arbeidet med ny strategi vil gi oss høve til å tenke gjennom grunnleggjande spørsmål og retningsval i fellesskap og til å ta styring over vår eiga framtid.

 

Tags: ,

Skriv et svar

Universitetet i Bergen
Dekan ved Det humanistiske fakultet
E-post: dekan@hf.uib.no