Dekanatbloggen

Margareth_hagenAv dekan Margareth Hagen

Det humanistiske fakultetet skal ha ein open og inkluderande leiarskap. Som dekan meiner eg at det er avgjerande å nå fram med tilstrekkeleg og god informasjon om prosessar som gjeld alle som arbeider ved fakultetet — berre på denne måten kan reell medbestemming og reelt medansvar bli til.

Medbestemming og informasjon blir blant anna sikra gjennom høyringsrunder, fakultetsstyret og instituttstyra. Dekanen har møte med instituttleiarane kvar andre veke, og dekanane har jamnlege møte med rektoratet. Studiestyret og Forskingsutvalet ved fakultetet har òg jamnlege møte. Desse møta følgjer linene i organisasjonen og sørgjer for gjensidig informasjon.

Trass i at alle desse møtestadene og informasjonsvegane finst og fungerer godt, ønskjer eg å nå endå breiare ut og opnar difor dekanatbloggen. Her vil dekanatet jamnleg skrive om prosessar som er i gong, planar og viktige hendingar.

Eg vonar de vil finne bloggen interessant og informativ.

 

Skriv et svar

Universitetet i Bergen
Dekan ved Det humanistiske fakultet
E-post: dekan@hf.uib.no